PS Bryggekafé er sjølve hjartet i Kråko
Med det røffe men elegante interiøret merkar PS Bryggekafé seg ut som ei urban lomme i det naturskjønne Kråko Sjøhytteområde. Namnet «bryggekafé» speglar at mikrobryggeriet ELØ er næraste nabo, at kaféen ligg heilt på bryggekanten, og at her bryggast kaffi. Her serverast godt lokalbrygga øl, og både raud og kvit vin, og gode alkoholfrie alternativ. Maten er god, lokal handtverksmat.
Stemninga er lun og lågmælt. Her samlast hyttefolk og bygdefolk på ein felles møteplass, i godt lag. Her går ein for å treffast, eta godt og snakka med folk.